Eit Freeman-år av dei sjeldne

Plateanmeldelse: Hudson Freeman – «Doom Country» (album, 2026)

Det har vore eit uvanleg godt år for artistar med etternamnet Freeman. Fyrst serverte Greg Freeman oss den framifrå «All Set The Bone», ei plate som uten tvil kjem til å vere med i diskusjonen når årets beste album skal kårast. Popklikk-Espen karakteriserte skiva som «et urovekkende sterkt album». Og no dukkar jammen Hudson Freeman opp med «Doom Country», ei utgjeving som viser at det tydelegvis er noko med dette etternamnet. By the way, dei er ikkje i slekt.

Begge har sans for sterke melodiar, gitarar med mykje personlegdom og musikk som ikkje alltid tek den enklaste vegen til mål. Der Greg serverar oss kaotisk, post-hardcore, drivande indierock hellar Hudson mot musikk som er meir melankolsk, filosofisk lo-fi-folk. Men langt ifrå uten sting. Her er det veldig mykje å glede seg over for dei som òg likar hardare tonar.

Hudson Freeman kjem opphavleg frå Texas, men held no til i Brooklyn. Han veks opp med foreldre som var evangeliske misjonærar, noko som har sett tydelege spor i både tekstane og musikken hans. Dommedag, religiøs tvil og spørsmålet om kva ein eigentleg skal tru på, er sentrale tema på «Doom Country». Høyrest det dystert ut? Jau då, men heldigvis har Freeman både humor og eit godt øyre for melodiar.

I fjor gav han ut «Is a Folk Artist», der det fyrst og fremst var dei akustiske gitarane og dei gode melodiane som fekk merksemda. På «Doom Country» har han utvida det musikalske uttrykket, med meir gitarstøy og større arrangement. Det er ei naturleg utvikling, og heldigvis har han teke vare på mykje av sjarmen frå den forrige plata.

Freeman har sjølv omtalt «Doom Country» som ei postapokalyptisk reise gjennom USA, inspirert av mellom andre Sufjan Stevens og Bruce Springsteen. Og det er ikkje så vanskeleg å forstå kva han meiner. Her er det mykje amerikansk musikkhistorie å hente inspirasjon frå, men Freeman nøyer seg heldigvis ikkje med å kopiere gamle heltar.

Ein herleg miks av folk, americana, country og indierock på eit vis som både er sjarmerande og tidvis ganske så oppfinnsamt. Dei akustiske gitarane får ofte selskap av fuzzgitar, uten at det går ut over melodiane. Snarare tvert imot. Det er nettopp når Freeman slepper seg litt laus at musikken verkeleg byrjar å leve.

Opningssporet «Left Behind» er ein fin inngang til plata, med ei lågmælt og ettertenksam stemning som passar godt til tematikken. «I-40» er ein av låtane som verkeleg er verdt å merke seg. Her får vi gitarar med både vreng og trøkk, kombinert med ei melodiføring som gjer at låten festar seg. Det er ikkje vanskeleg å trekkje linjer til Wilco og Sparklehorse, men Freeman har heldigvis nok eigenart til at slike samanlikningar ikkje blir særleg viktige.

«Texas in Flaming Tongues» er ein av favorittane mine. Her kjem Freemans religiøse bakgrunn tydeleg fram, samstundes som han viser kor godt han meistrar overgangen mellom det stillferdige og det meir intense. Ein låt som understrekar at Freeman har meir å by på enn bare fine melodiar og gitarstøy. 

«Turning Green» har eit nesten skummelt og smått creepy lydbilete. Her er det noko urovekkjande som ligg og lurer under overflata, ikkje minst når blåseinstrumenta etter kvart melder seg på. Det er både fascinerande og litt nifst, som om noko ubehageleg kan skje når som helst. Ein herleg merkeleg låt som viser at Freeman ikkje er redd for å utfordre lyttaren. «Wrong Side» byr på ei langt meir dempa og roleg stemning, før tittelsporet «Doom Country» skrur opp intensiteten igjen.

«Fell Ass Backwards» er kanskje den låten som raskast festar seg. Her er det meir fart, meir gitar og ei herleg blanding av det fengande og det smått kaotiske. Freeman har dessutan fått med seg kona og samarbeidspartnaren Sophie Brown, som bidreg til å gje musikken ekstra varme. Ein låt som bør kunne få både Wednesday- og MJ Lenderman-fans til å spisse øyrene.

Noko av det finaste med musikken til Freeman er at han ikkje verkar spesielt oppteken av at alt skal vere perfekt. Gitarane får gjerne skurre litt, arrangementa kan ta uventa vendingar, og vokalen er langt frå glattpolert. Men det er mykje innleving her, og Freeman syng på eit vis som gjer at ein får lyst til å høyre etter.

Og det er vel eigentleg det viktigaste?

Mot slutten av plata har Freeman framleis mykje fint å by på. «Celebration City» byrjar enkelt og liketil, med bare Freeman og gitaren hans. Melodien er enkel og lett å nynne med på. Men etter kvart som låten skrid fram, kjem det stadig nye detaljar til som gir musikken meir farge og liv. På «Western» føler ein at musikken nærmast går i oppløysing. Men sjølv når ein tung og aggressiv gitar for alvor slepper seg laus i det siste minuttet, held Freeman fram med å synge like sårt og varsamt heilt til slutt, nesten utan å heve stemma. Kontrasten er slåande.

Sjølv om «Doom Country» handlar mykje om tru, tvil og eit USA som har vore gjennom nokre turbulente år, er det fyrst og fremst musikken som gjer inntrykk. Og etter mellomvalet er det kanskje grunn til å håpe at ikkje alt er like mørkt som Freeman kan få det til å høyrast ut. Heldigvis, får ein vel lov til å seie, uten at det treng å bli politikk av den grunn.

For å slutte der vi starta, Greg Freeman sitt album «All Set The Bone» ragar himmelhøgt når årets beste musikk skal kårast. Etter mi meining er Hudson si plate tett oppunder!

Foto: Mom + Pop Records

Avatar photo

Terje Sveinsson

Artikler: 9