Popklikk: Ukens låt #116

I vår spalte «Ukens låt» velger Popklikk seg ut en perle fra de siste 70 år med pophistorie. Formålet er å velge ut sanger litt utenom allfarvei slik at våre mange lesere kanskje kan oppdage noen nye favoritter. Nederst i saken finner du en spillelista der låtene blir lagt inn etterhvert som de dukker opp her.

Ukens låt #116: The Shins – «New Slang»

Den perfekte popsongen

Detr finst nokre songar der absolutt alt stemmer, utan at det verkar som om nokon har anstrengt seg særleg for å få det til. For meg er «New Slang»av The Shins ein slik song. Faktisk vil eg gå så langt som å kalle han den perfekte popsongen.

James Mercer er ein framifrå låtsmed, og han har etter kvart fått ei imponerande mengde flotte songar på samvittigheten. Dei fire albuma The Shins ga ut i perioden 2001 til 2012 er spekka med godlåtar. Frå debuten «Oh, Inverted World» via «Chutes Too Narrow» og «Wincing the Night Away» til «Port of Morrow» viste Mercer ein heilt eigen teft for melodiar som festar seg, og som berre blir betre dess meir ein høyrer på dei. Men sjølv i denne rikhaldige katalogen er det éin song som pekar seg ut.

«New Slang» kom ut i 2001, på debutalbumet «Oh, Inverted World», og er i mine øyre noko av det vakraste som er laga innan popmusikken. Det er eigentleg ein ganske stillferdig song uten store fakter, ingen pompøse arrangement eller forsøk på å imponere med musikalske krumspring. Berre ein nydeleg melodi, eit varsamt komp og den særeigne stemma til Mercer. 

Det er noko nesten magisk med måten songen utviklar seg på. Den forsiktige starten, den litt vemodige stemninga og ikkje minst melodien som snik seg inn under huda. Mercer syng med ei blanding av sårhet og distanse som gjer at songen kjennest både personleg og mystisk på same tid.

Og så er det dette med haldbarheita. Eg har høyrt «New Slang» utallege gonger, men blir aldri lei. Tvert imot. Det er ein song eg stadig vender tilbake til, og kvar gong blir eg minna på kvifor eg fall for han i utgangspunktet. Han har denne sjeldne eigenskapen at han kan gjere ein litt melankolsk og samstundes i godt humør. Eit lite stykke popmagi, rett og slett.

James Mercer har skrive mange fantastiske songar, men «New Slang» står i ei særstilling. For meg er dette popmusikk på sitt aller, aller beste. Knappe fire minutt med rein melodiøs lykke.

Så viss du ikkje kjenner så mykje til The Shins frå før, gjer deg sjølv ein tjeneste, start med «Oh, Inverted World», og jobb deg framover kronologisk. Du vil neppe angre.

Foto: Cover + Sub Pop

Avatar photo
Terje Sveinsson
Artikler: 7