Ukens låt #119 – R.L. Burnside – «Goin’ Down South» (1967)
Den 23. november, var det 100 år sidan R.L. Burnside vart fødd. Få bluesartistar har med så enkle musikalske virkemiddel klart å skape eit så massivt, suggererande og rått musikalsk uttrykk som nettopp han. «Goin’ Down South» er eit meisterleg døme på kvifor.
Frå dei fyrste tonane er ein fanga. Det mørke, repeterande riffet, den seige pulsen og den karakteristiske røysta skaper eit musikalsk landskap der intensiteten berre veks. Burnside treng definitivt ikkje virtuose gitarsoloar eller avanserte akkordskifte. Han har eit riff, ein rytme og ei røyst som ber med seg eit heilt levd liv.
«Goin’ Down South», som Burnside spela inn allereie i 1967, er sjølve essensen av hill country-bluesen. Repetisjonen er ikkje eit uttrykk for musikalsk avgrensing, men eit kunstnarleg virkemiddel. Dei små variasjonane i gitarspel og vokal skaper ei nesten hypnotisk kraft. Musikken står på mange måtar stille, samstundes som han er i konstant rørsle.
Medan den tradisjonelle tolvtaktersbluesen gjerne byggjer på faste akkordskifte, er hill country-bluesen frå det nordlege Mississippi i langt større grad driven av rytme, groove og repetisjon. Dette var musikk skapt for svette dansegolv på enkle, lokale juke joints. Eit perfekt lydbilde for gambling, flørting og konsumering av moonshine.
Med Mississippi Fred McDowell som viktig læremester og Junior Kimbrough som musikalsk våpendragar, vart Burnside ein av dei fremste ambassadørane for denne særegne bluestradisjonen. Gjennom plateselskapet Fat Possum Records og samarbeidet med Jon Spencer Blues Explosion på 1990-talet nådde han dessutan eit heilt nytt publikum innan punk, garasjerock og alternativ rock, og han fekk dermed sin velfortjente renessanse. Burnside viste at bluesen framleis kunne vere utfordrande, fandenivolsk og kompromisslaus.
Arven etter Burnside lever vidare gjennom artistar som The Black Keys, North Mississippi Allstars, Lightnin’ Malcolm og ikkje minst barnebarnet Cedric Burnside.
Det fantastiske med «Goin’ Down South» er at låten framleis har ein råskap som får mykje av dagens moderne rock til å høyrast tannlaus ut. Her er det ingen musikalsk staffasje, bare eit urkraftig møte mellom rytme, gitar og menneskeleg uttrykk.
Hundre år etter at R.L. Burnside vart fødd, er musikken hans framleis like vital, skitten, svett og uimotståeleg. Dette er blues med jord under neglene, puls i kroppen og fanden i hælane.



