Varm americana med brodd

Plateanmeldelse: Le Ren – «Don’t Be Funny Whitout Me (album, 2026)

Kanadiske Le Ren, født Lauren Spear, er nå ute med sitt andre album. Og for eit album! «Don’t Be Funny Without Me» kunne nesten vore laga etter mi eiga sjekkliste: Alt-country, indiefolk, americana, poprock, fele, banjo, deilige gitarar og vokalharmoniar – her er det bare å huke av på alt.

For min del, ein slags imaginær logring med halen. Slik som når bikkja til dama høyrer orda «bade, mat, godteri, ball og katt».

Le Ren vaks opp utanfor Vancouver med musikarforeldre og folk- og bluegrassmusikk rundt seg. Etter flyttinga til Montreal fann ho sin eigen plass i den moderne folk- og americanascena og ho fekk tidleg merksemd med «Morning & Melancholia» i 2020 og debutalbumet «Leftovers» året etter.

Den musikalske CV’n til Le Ren er òg heilt ok. Buck Meek frå Big Thief medverka på debutalbumet og ho har vore på turne med blant anna Jeff Tweedy, Orville Peck, Devendra Banhart og Andy Shauff.

Høgdepunkta står i kø på denne skiva. Etter ein roleg start med den korte og vakre songen «A Song Can Love You Back», kjem den drivande folkrockaren «Free Wheeling», med fele og vestkystharmoniar.

Den tullette fengande «Gold in California», får fram eit heftig glis hjå meg. Låten har ein pop-hook som luktar litt av Rumours-æraen til Fleetwood Mac. «Otherwise, I’m Fine», med sitt litt rastlause driv er òg lett å like.

På «Die Inside» har Le Ren med seg Kacy Lee Anderson, og dei to vokalane gjev songen ein ekstra nerve. «Eternally» har enda fleire stemmer fletta inn i lydbildet. Supert!

Tittellåten er ein ballade som inneheld alle klisjeane i boka om hjertesorg: Piano, saknet, minna og tårene. Det er ikkje akkurat subtilt. Men det er nettopp gjennomføringa som gjer at det fungerar så godt.

«Don’t Be Funny Without Me» er eit fenomenalt kraftfullt og flott album fylt med øyregodt, som meisterleg tek i bruk eit breitt spekter av musikalse verkemiddel for å fortelje ulike historiar.

Så får vi håpe at nokon snart finn ut at Le Ren bør vere ein opplagt kandidat for ein norsk scene.Undertegna stiller i alle fall med billett.

Avatar photo
Terje Sveinsson
Artikler: 3