At Odd Nordstoga har blitt en nasjonal skatt og en kjær artist med varig kraft, er hans nye album, «Før du går», nok et bevis på. For hans tiende album er virkelig en killer av et album, noe den formidable åpninga hvor singlene kommer på rekke og rad er med på å bekrefte (les Popklikks anmeldelse her: https://www.popklikk.no/musikk/musikknyheter/en-killer-av-et-album/
Popklikk har snakket med Nordstoga om «Før du går», tekstsskriving, inspirasjonskilder, barndomshelter og ganske mye mer.
– Hvordan vil du beskrive musikken på «Før du går» sammenlignet med debutplaten din?
– Debutplata mi var meir basert på akustiske instrument og påverknad av folkrock. Den nye plata er mykje basert på instrument med jack-kabel. Men i botn ligg jo mitt tonespråk, og det har vel ikkje endra seg så mykje. Syns generelt at musikken liksom endrar seg litt med tida og livet. Ein få litt andre perspektiv og blir hekta på ulikt oppigjennom. No hadde eg lyst til å prøve å få til forteljande musikk og produsent Kåre Vestrheim løfta det tidvis opp frå kassegitarviser til storslått og alltid med ei rytmisk driv.
– Fortell litt om bakgrunnen for tittelen på plata?
– Tittelen spelar på låta «Før du går». Eg ser litt på det som om musikken på plata er noko eg har lyst til å sei nokon før dei set seg i bilen og køyrer. Det er mykje som blir sagt på trappa før bildørene klappar igjen og besøket køyrer. Det handlar liksom om livet og livet mellom oss.
– Fortell litt om prosessen og innspillingen av plata.
– Musikken starta med meg oppe på musikkrommet mitt. Til å lage den brukte eg kassegitaren min, men hadde også stor nytte av ein liten synth og ei trommemaskin eg kjøpte for å tvinge fram litt nye og andre måtar å svinge på. Så kom Kåre Vestrheim inn og me forma låtane litt etter hans innfall og idear. Når me hadde ei fin ramme for dei ni låtane som blei med på plata tinga me nokon dagar i studioet Ocean Sound på Giske og spelte inn alt der oppe.
– Etterpå hadde Kåre og eg nokon økter på tre fire dagar nokre gonger utover våren, der me gjorde nokon pålegg og la ny vokal der den hadde potensiale til å bli betre. Ein del vokal er frå innspelinga på Giske, fordi eg gjerne ville halde vokalen mest mogeleg i den ånden som det er å telje opp ein to tre og så flyte med i musikken som blir lagd der og då. Somtid kan vokalpålegg bli litt «konstruert». Ingenting er som ein inspirert vokal frå livetaket saman med musikarane fyrste gongen.

– Hva er du mest fornøyd med på «Før du går»?
– Eg er veldig fornøgd med heile plata i grunn. Syns låta «Når tårer fell» har blitt veldig fin. Den løftar seg på ein magisk måte og er det ein kan kalle inspirert i alle endar og frå alle musikarane. Ellers syns eg det var eit superkick å endeleg få til ein fridomsrock- (uttrykk eg fann i ei melding av plata) låt. Eg er veldig glad i musikk som har masse livsbejaande energi og som adresserar og viser denne trongen til å kaste av seg ting og til å hive seg fram og prøve å erobre horisontane. Syns me fekk til noko bra der. Og musikk har ein heilt eigen evne til å gjera det. Her klarer elgitarar og trommesett noko det er vanskeleg å få til med penn og papir.
– Hvilken av låtene på skiva ga deg mest motstand?
– «Sol og regn og jord» har drifta litt mellom ulike løysingar. Den bygger på ein låt som blei til noko heilt anna då eg skulle lage musikk til serien «Jon blir bonde» Derfor er den liksom eit produkt av litt andre idear enn det den har enda opp som. Likar låta godt, men den er smidd ut av andre ting.
– Om det er mulig: Hvordan vil du beskrive innholdet i tekstene på plata?
– Det syns eg er vanskeleg å svara på. Anten så er det kjempebra og spikeren på hovudet. Eller så er det kanskje ingenting. Det kjem liksom an på den som høyrer på. Eg lagar tekstane mykje etter den stemninga som musikken set i meg. Denne gongen var det i alle fall mykje slik. Sjølv meiner eg at mor mi sin bortgang for to år sidan liksom har gjort at eg syns det er flott å vera takksam for livet, venskap, kjærleik og verda me har rundt oss kvar dag. Eg trur det handlar mykje om det.
– Hvordan jobbet du fram låtene og når og hvordan dukket de opp?
– Låtane er under to år gamle alle som ein. «Ein song som finst» er kanskje litt eldre. Eg skreiv den mot slutten av turneen eg var på med Ingebjørg Bratland for nokre få år sidan. Alle låtane er meisla og trykt fram oppe på kontoret mitt. Det er eit pussig arbeid. Sommtid går det lett, sommtid går det trått. Men ein er prisgjeven det ein får til. Mykje går også på det å lytte til det ein lagar – finne ut om det bur noko der. Og så bygge vidare på det. Ein servar ein serv som ein sjølv tek imot. Ein slags dialog med seg sjølv, det er ein måte å sjå på låtskriving som.

– Er det noen artister eller kunstnere som har vært inspirasjonskilder for musikken på plata?
– Eg er ingen slik nerd som kan veldig mykje om kven som spelte triangel på den og den plata med Fleetwod Mac for førti år sidan. Men ja, det er nokon inspirasjonskjelder: Peter Gabriels «So», Phil Collins og Dire Straits er på sitt vis noko eg har blitt inspirert av og brukt her. Ein kan kanskje sei nokon av 80-talets store saker.
– Er det et maleri, en bok eller en film du setter spesielt stor pris på, og i såfall: Hvorfor?
– Billy Elliot syns eg er ein utruleg fin film. Kombinasjonen av ein guts litt spesielle interesser i eit strengt miljø, og så den strenge faren som jo er så snill og god på botnen. Eg blir utruleg rørt av den filmen. Menneska er gode og vil kvarandre godt. Det er ingenting som det, berre det ikkje bikkar over.
– Et siste spørsmål: Hadde du en barndomshelt; og om så er tilfelle – hva var grunnen til det?
– Min barndomshelt, eller i alle fall min ungdomshelt, var Bruce Springsteen. Så blei det Mike Scott i The Waterboys. I tjueåra var det Radiohead som gjalt. Men kanskje ein også kan sei Cornelis Wreesvijk. Eg hugsar i alle fall at det var mykje musikk som eg ikkje syns var noko på radioen, men når han kom så syns eg alltid det var bra. Historien har gjeve meg rett, og god smak i barndommen. Han var ein fantastisk artist!
Foto: Marthe Vannebo




