Nå får du en ny sjanse. Grip den!

Plateanmeldelse: Herman Düne – «Odysseús» (album, 2025)

Har du gløymt Herman Düne – eller visste du aldri heilt kven dei (eller han) var? No får du ein ny sjanse. Grip den!

For Odysseús er ei herleg plate – full av inderlegheit, sjarm og solvarm musikk av typen me treng for å kople oss frå denne kalde verda me lev i.

Tekst: Asle Frøkedal

La oss ta historia kort: Herman Dune starta på slutten av 90-talet som ein svensk-fransk brødreduo, men i dag går dei kvar sine stiar. André Herman Düne kallar seg no Stanley Brinks og reiser frå fjell til strand med dei 10 000 visene sine saman med Freschard. Attende har me Los Angeles-baserte David-Ivar som Herman Dune – ein låtskrivar som blandar vemod og undring med popkulturelle referansar og verdas mest fargerike språklege bilete.

Me gløymer aldri linja «If we stick together like fingers on a fucking hand» frå Not On Top – ei plate som står som eit høgdepunkt for oss som snubla over denne musikken den gong. Men det er tjue år sidan, og sidan då har eg slite med å bli like engasjert i det han har gitt ut. Det har vore mykje fint på vegen, men berre i glimt. Dette kjennest annleis. Dette er ei god PLATE. Ja, eg veit det er 2025, men det fins framleis dei av oss som set pris på ei samling songar som høyrer saman i ei eller anna dramaturgisk rekke.

David-Ivar møtte produsenten David Garza – som har jobba med alt frå Hanson (ja, dei med «MMMbop») til Fiona Apple – på ein kaffibar i San Pedro, Los Angeles. Dei kom i prat ganske tilfeldig og det viste seg at Garza hadde kjent Townes Van Zandt – ein av David-Ivar sine favorittar. Så enkelt og ut av det blå kan eit samarbeid altså oppstå. Lite visste dei då at dei snart skulle spele inn ei av dei finaste platene som skulle kome ut i 2025.

Odysseús er skrudd saman på ein utruleg god måte. Arrangementa er delikate og presise – med akkurat passe mengder klang, strykarar og harmoniar. Det heile kjennest balansert og, ja, vaksent. Plutseleg er det ikkje berre koseleg å høyre David-Ivar synge om solnedgangen – det er direkte vakkert.

Musikken er framleis akustiske viser i ulike valørar, ofte tettpakka med tekst. Låtformene byrjar gjerne i noko sjølvransakande, tek ein sving innom både små-som-blir-til-store tankar – og landar i ei enkel, ofte vemodig konklusjon. Om kjærleiken, eller langt verre, mangelen på den. Men det er korleis det blir gjort som verkeleg treff: luftige arrangement, klangfulle harmoniar og jordnær, forsiktig instrumentering. God smak, heiter det vel.

Ingen hadde løfta eit augebryn om «Moonlight On Gaffey Street» dukka opp på ei Leonard Cohen-plate frå 70-talet. Før du kjem dit, har du allereie vore innom det naive, men nydelege tittelsporet, og «Sneakers on the Telephone Line», som nesten har ein Beck-vibb over seg.

«Buffoon Of Love», der kjærasten Mayon tar over mykje av vokalen, er som ein gamal Nancy & Lee-ballade. Og strykarane i «369» som smyg seg så fint bortover langs melodilinjene er nesten til å grine av. Og kva med «Head Against The Wall» – ei sånn vond og billedsterk vise som veks seg større for kvar gong David-Ivar kjenner på nederlaget der han står med hovudet lent mot veggen.

Av og til veit ein det nesten med ein gong, at ei plate berre treff. For min del tok det dei fire første tekstlinjene:

She talks to birds for a cardinal answer
She wakes up way before the dew
What’s a Scorpio without a Cancer
What’s a sunset without you

Etterpå kom det noko om Mazzy Star, eit fyrtårn i San Pedro og ein blodig regnboge, men summen av alt er kor bortkasta den solnedgangen kjennest når ein er aleine. Og med det kjem eg på kvifor eg blei så glad i musikken til Herman Düne i utgangspunktet.

Så, ja, la den pokkers Spotify-algoritmen seile sin eigen sjø og la oss gløyme at AI er i ferd med å ta over verda eit lite augeblikk. Høyr heller på denne varme, organiske plata med songar som har like mykje røter for 100 år sidan som i dag. Du kjem til å elske den.

Foto: Herman Dünes HomePage

Avatar photo
Espen A. Amundsen

Idéhistoriker og tidligere musikkredaktør i ABC Nyheter.

Artikler: 1957