Plateanmeldelse: Richard Thompson – «Hippies, Thugs and Heroes» (album, 2026)
Det er ikkje mange att av dei gamle heltane som framleis leverer plater det er verdt å bruke tid på. Richard Thompson er ein av dei. Og sjølv om han for lengst har passert pensjonsalderen, er det lite som tyder på at mannen har tenkt å slå seg til ro med gamle bragder og mimring frå Fairport Convention-tida.
På «Hippies, Thugs and Heroes» er han stort sett akkurat slik vi likar han. Litt gretten, ganske morosam, tidvis vemodig og med ein gitar som framleis kan få dei fleste andre gitaristar til å lure på kva dei eigentleg driv på med.
Eg har alltid hatt eit spesielt forhold til Richard Thompson. Ikkje bare fordi han er ein framifrå gitarist, men fordi han er ein av desse låtskrivarane som klarer å kombinere det vakre og det vonde utan at det blir sentimentalt. Han har ei eiga evne til å skrive om folk som har rota det til for seg, gjerne med eit skrått smil og ei melodilinje som sit lenge etter at plata er ferdig. Det er ikkje akkurat mangel på slike folk på denne plata heller.
Allereie på opningslåta «Sorcerer’s Apprentice» får vi ein frisk og fengande start. Her er det spor av både folkrock og sekstitalspop, medan Thompson tek eit skråblikk på den meir tvilsame sida av hippietida. Ein fin melodi, mykje gitar og akkurat passe med brodd. Ein låt som veks for kvar gjennomlytting.
Enda betre er «Cocaine Walking, Booze Talking», ein herleg rufsete sak der Thompson verkeleg får vist kva han er god for. Her er det både blues, rock og ein gitarsolo som tek nokre herlege avstikkarar undervegs, og eg diggar det. Det er slike låtar som minner oss om kvifor Thompson framleis er ein av dei mest særmerkte gitaristane vi har. Han spelar aldri ein tone bare for å imponere. Men det er ikkje kun når han skrur opp tempoet at det skjer interessante ting.
«Pauper’s Grave» er ei av dei finaste låtane på albumet. Ei mørk og stillferdig forteljing om fattigdom, død og menneske som fell utanfor. Thompson har skrive slike songar før, men det er noko med måten han leverer dei på som gjer at dei framleis treff. Den aldrande stemma hans har fått endå meir karakter med åra, og akkurat her passar det perfekt.
Eg er også svak for «Make Believe You Don’t Know Me», ein låt som viser den meir melankolske sida av Thompson. Dette er ikkje musikk som ropar etter merksemd, men som sakte og sikkert finn vegen inn. Ein av desse songane som kanskje ikkje verkar så spesielle fyrste gongen, men som etter kvart blir blant dei ein helst vil høyre igjen.
Og så har vi «The Soul in Me». Enda ein song om kjærleikens mindre hyggelege sider, eit tema Thompson har vore innom nokre gonger før, for å seie det forsiktig. Men når han skriv så godt som dette, får han halde på så lenge han vil.
«Everybody’s Stealing» er på si side eit av dei meir livlege innslaga, med eit skranglete, smått karnevalsaktig komp. Ein fengande og småfrekk song med eit tydeleg samfunnskritisk tilsnitt. Her er det lett å trekke på smilebandet, sjølv om Thompson eigentleg ikkje har så mykje fint å seie om verda rundt seg. Ein av dei låtane som gje albumet nødvendig variasjon.
Mot slutten finn vi «Stringer», som også høyrer med blant høgdepunkta. Ei forteljande låt med mørke undertonar, der Thompson får kombinert fleire av sine beste eigenskapar. God historieforteljing, ei sterk melodisk nerve og gitarspel av beste merke. Eg skulle gjerne hatt fleire slike.
Det er ellers verdt å merke seg produksjonen på denne plata, der James Frazee, sammen med sjefen sjølv, har dratt i spakane. Instrumenta har god plass, og det er ein varme i lydbildet som passar musikken svært godt. Ingen unødvendige påfunn, ingen forsøk på å gjere Thompson meir moderne enn han er. Bare eit godt band som spelar gode songar. Det held lenge.
Ein kan kanskje peke på at nokre av låtane blir litt anonyme, og innimellom kan ein få kjensla av at Thompson har vore innom mykje av dette tidlegare. Det har han sjølvsagt også. Men det er vel noko av poenget. Når ein har halde på i over femti år og framleis klarer å skrive songar som «Pauper’s Grave» og «Cocaine Walking, Booze Talking», skal ein ikkje klage for mykje.
For meg er det fyrst og fremst kombinasjonen av melodiane, tekstane og det heilt spesielle gitarspelet som gjer Richard Thompson så interessant. Han har aldri vore nokon stor stjerne i tradisjonell forstand, men det er vanskeleg å kome på mange andre frå same generasjon som har halde eit så jamt høgt nivå over så lang tid.
«Hippies, Thugs and Heroes» når ikkje heilt opp til klassikarar som «Shoot Out the Lights», «Rumor and Sigh» eller «Mock Tudor». Dette er uansett ei god plate frå ein artist som framleis har noko å melde, og som heldigvis ikkje verkar spesielt interessert i å gje seg. Og når Thompson verkeleg let gitaren snakke, er det berre å skru opp volumet og nyte. Det er trass alt ikkje kvar dag vi får nye plater frå ein av dei verkeleg store.
Foto: Promo




