Ukens låt #115: Jason Molina – «Farewell Transmission» (2003)
Det finst gode låtar, det finst fantastiske låtar, og så finst «Farewell Transmission». Ein song så full av liv, mørke, gitarar og menneskeleg desperasjon at det nesten er uråd å forstå korleis Jason Molina og gjengen hans klarte å få alt saman ned på tape.
Opningssporet på Songs: Ohia-plata «The Magnolia Electric Co.» frå 2003 er rett og slett noko av det finaste og mest gripande som kom ut av amerikansk alternativ rock på 2000-talet. Sju minutt og tjueto sekund med skramlande gitarar, eit band som spelar som om livet står på spel, og ei stemme som går rett i mellomgolvet.
Her er Neil Young & Crazy Horse, The Band og den mørkaste delen av amerikansk country samla i ei og same musikalske kraftutlading. Steve Albini sat bak spakane og hadde heldigvis vett nok til å la musikarane halda på. Resultatet er levande, upolert og fullstendig magisk.
Og så er det Molina då.
Denne spinkle karen frå Lorain i Ohio, som med Songs: Ohia og seinare Magnolia Electric Co. skapte nokre av dei mest gripande platene frå si tid. Han hadde ikkje den største stemma, men du verda kor mykje han klarte å formidle. Sorg, lengt, trass og eit merkeleg håp om at det framleis fanst lys ein eller annan stad der framme.
På «Farewell Transmission» stemmer alt. Ein låt som handlar om mørker, men som samstundes er full av livskraft. Musikken byggjer seg opp, gitarane får stadig større spelerom, og ein sit att med kjensla av å ha vore vitne til noko heilt spesielt.
Jason Molina døydde i 2013, bare 39 år gammal. Nyheten kom som eit sjokk på meg. «Faen ta deg, du kan ikkje stikke av nå!» var dei fyrste tankane mine. Mange visste at han sleit med helsa, forverra av eit aukande alkoholforbruk og den sinnsjuke amerikanske ordninga om du har helseforsikring eller ikkje. Eit enormt tap for musikkverda. Ikkje bare på grunn av alt han hadde skapt, men kanskje aller mest på grunn av alt han kunne ha fått til.
For kor stor kunne han egentleg ha vorte?
Eg trur svaret er veldig stor. I same selskap som Will Oldham, Bill Callahan og Jeff Tweedy. Kanskje enda større. Han hadde songane, særpreget og integriteten. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg ein eldre Molina som ein av dei verkeleg store låtskrivarane i amerikansk rock.
Slik gjekk det dessverre ikkje.
Men heldigvis finst musikken. «Didn’t It Rain», «The Magnolia Electric Co.» og
«What Comes After the Blues» er plater som framleis fortjener langt meir merksemd enn dei får.
Og heilt der oppe tronar «Farewell Transmission». Ein song som minner oss på kvifor vi vart så glade i musikk i utgangspunktet. Fordi han kan gripa tak i oss, røska oss ut av kvardagen og få sju minutt til å kjennast som noko langt større.
Jason Molina var ein av dei store. Og «Farewell Transmission» er eit mesterverk. Songen rommar livet, døden, alt!
Foto: Jason Molinas hjemmeside




