Popklikk: Ukens låt #117

I vår spalte «Ukens låt» velger Popklikk seg ut en perle fra de siste 70 år med pophistorie. Formålet er å velge ut sanger litt utenom allfarvei slik at våre mange lesere kanskje kan oppdage noen nye favoritter. Nederst i saken finner du en spillelista der låtene blir lagt inn etterhvert som de dukker opp her.

Ukens låt # 117: Uncle Tupelo – «Graveyard Shift» (1990)

Her starta det. Country med punkrock i blodet.

Det er mange låtar av Uncle Tupelo eg kunne ha valt. Fleire av dei har fått meir merksemd, og andre har trekt fram heilt andre songar som bandets viktigaste. Og det er mykje å ta av.

Men for meg måtte det bli «Graveyard Shift». Fyrste låt på debutalbumet «No Depression» frå 1990. Og for ei opning!

Eg elskar den punkete, røffe stilen. Her er det ingen forsiktig introduksjon. Ingen blankpussa Nashville-produksjon. Bare gitarar som riv, trommer som dunkar laus og stemma til Jay Farrar som ber med seg både frustrasjon og desperasjon. Det er rått, skitent og kompromisslaust. Dette er ikkje country som ber fint om å bli lika. Dette er country som sparkar inn døra.

Jay Farrar og Jeff Tweedy hadde vakse opp med både amerikansk rootsmusikk og punk. I Uncle Tupelo møttest desse to verdene på ein måte som skulle få enorm betydning. Dei tok med seg arven frå Hank Williams og Neil Young, og spela songane med ein intensitet som høyrde heime på ei punkrockscene.

Den råskapen og den energien. Den fullstendige mangelen på interesse for å vere glatt og kommersiell. Det er akkurat slik eg likar countrymusikken.

Farrar og Tweedy var med på å skape noko som skulle få enorm betydning for det vi i dag kallar alternativ country. Seinare kom Son Volt og Wilco, og ei heil rørsle av artistar som tok med seg arven vidare.

Men før alt dette kom «Graveyard Shift».

Det finst kanskje betre låtar av Uncle Tupelo. Vakrare låtar. Meir gjennomarbeidde låtar. Men det er noko med denne opninga som framleis får meg til å glise. Som får fram den positive rastlausheten ein hadde som ung. For somme gonger handlar det ikkje om kva som er størst eller best. Det handlar om kvar det heile byrja.

Skru opp volumet. Dette skal ikkje spelast forsiktig!

Avatar photo

Terje Sveinsson

Artikler: 8