Hun som ser deg

Anne Lise Frøkedal
Anne Lise Frøkedal


Anne Lise Frøkedal, kjent fra kritikerroste band som I Was A King og Harrys Gym, har akkurat sluppet låta «I See You».

En låt som får Popklikk redaksjonen til å tenke på de fineste ting og Richard Thompson. Har vi snakket med den talentfulle damen? Selvfølgelig har vi det!

– Hva er den største forskjellen på solo-Anne Lise og Harrys Gym/I Was A King-Anne Lise?

– Ingen kompromiss. Minimalisme. Og at inspirasjonskjeldene famnar beiare, frå folkemusikk til house. Eg har funne ut at uansett kva eg trur eg lagar, så er kjerna av det eg sit igjen med som oftast popmusikk likevel.

– Hva er du mest fornøyd med på ”I See You”?

– Ingenting er viktigare enn å kjenne at innspelinga lever og er gøy å høyre igjen, sjølv for meg som har høyrt denne låten meir enn det som sunt er nå. Meiner det har blitt sånn fordi me la grunnlaget live i studio, med Olav Christer Rossebø, Erlend Ringseth og Olaf Olsen. Og så er eg veldig glad for at Ingeleiv Berstad syng med meg – ho gjer denne låten heilt strålande.

Richard & Linda Thompson
Richard & Linda Thompson

 – Da Popklikk hørte låta, begynte vi sporenstreks å tenke på Richard  & Linda Thompson-skivene. Er vi helt på jordet?

– Tydelegvis ikkje, det var det første bror min sa også. Eg har høyrt litt på Fairport Convention, men det stoppar eigentleg der. For meg er I See You først og fremst inspirert av cajun-musikk og den tidlege hippieversjonen av T. Rex. Etter at desse inspirasjonskjeldene har passert popfilteret mitt, så låter resultatet tydelegvis som Richard Thompson for enkelte. Det var uventa.

– Når slipper du alle låtene og hva kan vi forvente oss?

– Det kjem ein EP i april. Då blir det turné med Familien også. Og så skal albumet ut til hausten. Eg ville forventa popmelodiar, minimalisme, innslag av slowtechno, avtrykk av folkemusikk og eit nesten absolutt fråvær av bassgitar og slagverk.

– Når og hvordan dukker låtene opp i hodet ditt?

– På reise. Eller når eg står og syng og spelar høgt på elgitar i øvingsrommet mitt. Heime i Etne når det finst mykje tid, og vandrande gatelangs i Oslo. Den melodiske ideen heng gjerne saman med ei slags historie, ei kjensle av at noko stort, men ofte usynleg, har skjedd.

– Du bidro på Sivert Høyems ”Long Slow Distance. Hvordan var det å jobbe med Sivert?

– Noko det eg hugsar best var at eg ein gang måtte stå på ein bruskasse fordi me skulle synge inn i samme mikrofon samtidig. Så mykje høgare enn meg er han. Sivert er ein så god vokalist at ein lett kunne fått prestasjonsangst, men det var veldig god stemning i studio. Det vart ikkje sagt eit vondt ord om indierock. Hehe.

Sivert Høyem
Sivert Høyem

  – Hva slags musikk hørte du på i ungdomstiden?

– Barneskulen: hårmetall og Red Hot Chili Peppers (blood sugar sex magic). Ungdomsskulen: grunge og Motorpsycho. Vidaregåande: klassikarar som Beach Boys, Nick Drake, Led Zeppelin, The Byrds, The Doors, Beatles osv. Pluss Radiohead, Sebadoh, Elvis Costello – og barokkmusikk.

 – Hvilke planer har du for framtiden?

-Eg planlegg sjeldan meir enn eit halvt år framover i tid. Men eitt klart mål for framtida er å komme meg til Japan og spise fersk sushi når fiskemarknaden i Tokyo opnar om morgonen.

– Vinyl, cd eller strømming?

– Vinyl og strømming. Pluss ein banankasse på loftet med dei aller finaste CD-ane som eg ikkje klarte å gi bort eller kaste.

– Hvem er tidenes kuleste sanger?

– Ooh… Kjem an på når du spør meg. Vanlegvis svarar eg Tom Verlaine, noko svært få er enige med meg i. Marc Bolan var fantastisk. John Lennon. David Bowie. PJ Harvey. Trish Keenan. Mange nemnt, mange gløymt.

Tom Verlaine
Tom Verlaine

Nevn tre album som har betydd mye for deg.

– Motorpsychos ”Blissard”: Første Motorpsycho-plata eg fekk tak i. Eg forstod plutseleg at norsk musikk kunne vere like bra som favorittmusikken min frå utlandet. Det var hardt og energisk, popa og eksperimentelt om kvarandre. Dei var eitt av dei første banda eg prøvde å få sett live, og sjølv om eg ikkje alltid var gammal nok så kjøpte eg billett og prøvde likevel. Dørvakta på Garage i Bergen nekta å sleppe meg inn. Det var hardt å vere ung.

– The Grateful Deads ”American Beauty”: Sat på eit fly med strålande sol inn vindauget og ei lita eksistensiell krise i emning då eg høyrde Box Of Rain og tenkte at dette er alt eg treng for å ha det bra. Robert Hunter sine tekstar er fantastiske, låtane knallsterke, og dei syng så vindskeivt at eg blir rørt. Ei plate som eg først syns var ok, og som slo meg i bakken ei veke seinare.

– Brian Enos ”Another Green World”:Eg likar nesten alt Eno gjer, men eg likar dette aller best. Minimalistisk popmusikk med uvanlege løysingar. Så subtilt og vakkert bygd opp, at ein gløymer at det berre er vokal på nokre få av spora.

– Velg mellom følgende:

Neil Young
Neil Young

-Joni Mitchell eller Madonna?

– Joni. Treng eg å forklare kvifor? Kontemporære popstjerner var aldri heilt mi greie. Joni Mitchell, derimot, er ei urkraft.

– Bruce Springsteen eller Michael Jackson?

– Og der motseier eg meg sjølv totalt ved å gå for MJ, fordi eg har dansa til musikken hans i heimbygda i vest, i storbyen i aust og på cajun-fest i Louisiana.

– Nirvana eller Tom Petty?

– Nirvana. Barn av grønsjen, kan ikkje hjelpe for det. ´

– Teenage Fanclub eller Neil Young?

– Neil Young har nok betydd meir for meg enn TF, han har vore med heile veien, satt standarden for gode låtar og fin, lys herrevokal – og nesten aldri svikta. Lurer på kva Frode i IWAK hadde svart på dette spørsmålet..?

Supertramp eller Elton John?

– Pass. Har ikkje fått med meg nok av nokon av dei til å eingong kunne fake eit svar (bortsett frå enkelte seinare Elton John-hits som eg vel å ignorere).

– The Soft Boys eller Sex Pistols?

– The soft boys! Elsker Robyn Hitchcock. Apropos kule vokalistar og bra låtskrivarar.

– The Byrds eller The Beach Boys?

– Beach Boys. Elskar begge, men dei kongelege harmoniske vendigane til Brian Wilson slår 12-strengsgitarane til The Byrds på målstreken.

 – The Flaming Lips eller Townes Van Zandt?

– Flaming Lips. Er tom for forklaringar nå, er det greit?

Espen A. Amundsen
Espen A. Amundsen

Idéhistoriker og tidligere musikkredaktør i ABC Nyheter.

Artikler: 1654