Plateanmeldelse: Jake Xerxes Fussell – «The Old Beloved Path» (album, 2026)
«The Old Beloved Path» er den andre plata til Jake Xerxes Fussell utgjeven på plateselskapet Fat Possum. Ei plate der han tolkar gamle songar. Selskapet vart etablert i Oxford, Mississippi, tidleg på 1990-talet og gjorde seg fyrst kjend gjennom rå og ofte upolert blues frå nordlege Mississippi. Artistar som R.L. Burnside og Junior Kimbrough fekk sin velfortjente renessanse før dei forlot denne verda. Eg personleg hadde ein hakesleppoppleving med R.L. Burnside på Notodden Bluesfestival på midten av 90-talet. Noko av det råaste og samstundes enklaste eg har høyrd og sett.
Seinare har selskapet utvida seg kraftig og gjeve ut alt frå Al Green og Soccer Mommy til Modest Mouse og meir eksperimentelle indieartistar.
Det er noko fint i at Fussell no høyrer heime der. Fat Possum har alltid hatt eit genuint forhold til fortida. Ikkje bare ved å konservere henne, men ved å finne ut kva som skjer når gammal musikk blir spela av menneske som lever her og no. Fussell passar perfekt inn i den tradisjonen.
Det er noko med musikken til Jake Xerxes Fussell som gjer at eg får lyst til å setje ned farten og når den fyrste songen på plata, instrumentalen «No 1», treff meg, tek eg meg sjølv i å halde pusten. Redd for å forstyrre stemninga denne låten fører med seg. Det er enkelt, luftig og nesten hypnotisk.
«Rock Island Line» har meir driv og fart, medan «Every Time I Go to Town» er ei lita perle der fele og mandolin får danse rundt Fussell si varme barytonrøyst. «Rosin Some» svingar vidare, med eit tydeleg og stødig komp som utfyller Fussell sine vare 12-strengar gitartonar.
Så har vi «Boney», plata sitt store ess, spør du meg. Den gamle arbeidsvisa blir forvandla til noko mørkt og samstundes fint. Den elektriske gitaren og pianoet gjer ikkje mykje ut av seg, og nettopp difor fungerar det så forbaska godt.
Eg likar også korleis «Early Early in the Spring» får vere nesten urovekkjande vakker. Songen har røter langt tilbake i britisk og amerikansk folkemusikk. Det er framleis ein enkel song, men arrangementet – med gitar, bass, orgel, gjer at han kjennest større enn rommet han er spelt inn i. «Boll Weevil» viser ei anna side. Her får mandolin, piano og perkusjon meir å gjere, og Isa Burke si fele gjev songen ein slags mjukhet. Historia handlar om ei lita bille som øydela bomullsavlingar i Sørstatane. Fussell kan òg vera humoristisk med andre ord.
«Sandy Land» er nok ein flott instrumental (ispedd litt nynning) der Fussell og det glimrande bandet tøffar vidare på støvete vegar. Den korte epilogaktige låten «Of All the Beast-es in the World» avsluttar plata.
Produsenten, Ben Whiteley, har gått for eit meir direkte uttrykk på denne plata, og det føles som eit band som spelar sammen i eit rom enn som eit stort studioarrangement. Det passar Fussell svært godt. Det finaste med «The Old Beloved Path» er likevel kor lite Fussell prøvar å imponere. Han treng ikkje. Han tek gamle songar, spelar dei med stor kjærleik og gjev dei nytt liv.
Konklusjonen min kjem vel ikkje difor som eit sjokk – for meg er dette ei varm, vakker og usedvanleg stemningsfull plate som eg stadig har lyst til å kome tilbake til.
Til info – Jake Xerxex Fussell kjem til Røverstaden i Oslo torsdag 3. desember i år.
Foto: Promo




