La hammeren falle!

Plateanmeldelse: Ghost – «Skeletá» (album, 2025)

Det kviskrar i vinden og du kjennar det heilt inn til beinet – at det bryggar opp til torevêr. Hammaren er i ferd med å falle igjen. Gud hjelpe oss.

Tekst: Asle Frøkedal

Men berre på late som, sjølvsagt. For Ghost er framleis eit teater der Tobias Forge står står bak både manus, regi og hovedrolle. Og for kvar akt verkar dedikasjonen til fansen å auke samstundes som kritikarane rynkar stadig meir på nasen. Det er kanskje gapet mellom det mørke ytre mot det stadig mjukare indre som gjer at puristane får dette opp i halsen. Og det er nok kanskje dette som ofte fører til skulegardsargumentering om «metal for folk som ikkje likar metal» og liknande.

Heldigvis, for min del, set eg like stor pris på Mercyful Fate si «Don’t Break The Oath» som ABBA si «The Visitors» og lar meg ikkje skremme av at kombinasjonen av dei to har meir enn litt til felles med eit finsk Eurovision-bidrag.

Det er lite att av det mystiske, rå og hardt 70-talseimande Ghost som debuterte med «Opus Eponymous» for femten år sidan, med doomske tonar i det soloppvarma teltet på Øyafestivalen. «Skeletá» er langt frå undergrunn – dette er pur stadionrock, no med enda meir AOR og 80tals-heavy som openbar inspirasjon.

Den typiske Ghost-låten i 2025 malar framleis bilete rundt mørke, sjølvransakelse og makt – om å stå framfor ein høgare autoritet: ein leiar av eit slag – ofte sjølve djevelen. Musikalsk er det likskap til det Desmond Child gjorde Alice Cooper gigantisk med på tidleg 90-tal. Dei ventande, monotone versa byggjer opp mot ei dramatisk vending, før eit refreng du umogleg får ut av hovudet slår inn.

Førstesingelen «Satanized» er eit godt døme: endå ein om indre demonisering, og endå ein du kjem til å gå og småsynge på – enten du vil eller ikkje. Dei teatralske vendepunkta følgjer kjende stigar, men er minst like pirrande som før. Queen-ramma rundt refrenget er grepet som gjer at dette er nok ein sånn som brenn seg fast, nesten til det plagsame.

«Lachryma» byggjer vidare i same landskap, men legg til fleire lag med synth og blinkar nesten mot puddelrocken frå Sunset Strip på slutten av 80-talet, før Nirvana gjorde alt alvorleg igjen. Tittelen er latin (ja, sjølvsagt) for «Tåre» og som ofte brukar Forge skrekkfilm-bilete for å male fram heilt klassiske historiar om å elske og miste.

Forge syng «In the middle of the night, it feeds / In the middle of the night, it eats you», før han slår fast at han er ferdig med å felle tårer over ein som deg. Musikalsk er det synthdrevet og lett fordøyeleg – langt unna det mystiske, Blue Öyster Cult-aktige Ghost som dukka opp for femten år sidan.

Og det er heilt greitt. For sjølv om det tidlege uttrykket hadde sin særeigne mystikk, er det ironisk nok meir substans i denne stadig meir sminka versjonen av beistet. I 2025 er Ghost ikkje berre store – dei er blant dei aller største i si generasjon. Og, tør eg påstå det… dei beste.

Kjensla av «Skeletá» er ikkje veldig ulik forgjengaren «Impera», men alt er eit par hakk betre. Refrenga er større og mektigare, dei okkulte metaforane kjennes skjerpa, og gitarsoloane er dei beste i heile katalogen. Som tidlegare har Fredrik Åkesson frå Opeth blitt hyra inn for å bidra, og han gjer seg særs gjeldande på «Marks of the Evil One», der han går langt i å gjenskape dei skarpe, gnistrande tonane frå Dokken-legende George Lynch.

Kritikken for å kopiere refrenget frå Journey sin «Separate Ways» på opnaren «Peacefield» er definitvt berettiga, men det er meir enn desse melodilinjene som leflar med den mjukare delen av 80-tals hardrock og FM-varianten av progmetall. For sjølv om høgdepunktet «Umbra» utspelar seg ved alteret til den heilage, er heile plata gjennomsyra av den storslåtte, lett tilgjengelege arenarocken som herja rundt tida då ein høyrte på musikk gjennom gule Sony-walkmanar. Her møter stramme hardrockgitarar mjuke synthar i melodiske vendingar som konstruerte for å treffe flest mogleg.

Og i mine øyrer er det absolutt ingenting gale med nett det. For i like stor grad som Tobias Forge aldri faktisk har stått ved alteret til djevelen, har han såvidt eg veit aldri avlagt ed om å halde metallen sin fri for pomp, glitter og allsang.

«Meliora» frå 2015 er framleis det beste Ghost har gjort, men her opnar Forge nok eit vellukka kapittel i verdas største blasfemi-teater. Og i rollene som Faderen, Sonen og Den Heilage Ande finn me skuggane av Paul Stanley, Steve Perry og Joe Elliot. Og kva gjer me vel då?

La hammaren falle, seier no eg.

Lyttelua
Lyttelua
Artikler: 193