Plateanmeldelse: Lilly Seabird – «Lightspheres on Their Way» (album, 2026)
Lily Seabird er litt som den sære kusina di som sat for seg sjølv i familieselskap. Ho var rart kledd, stygt sminka og ingen tok ho på alvor. Ho forsvann ein stad ut i verda, og du har eigentleg ikkje heilt kontroll på kva ho har halde på med. Så, brått, står ho der igjen. Litt annleis enn sist. Med ein gitar under armen og ei bunke songar som viser seg å vere ganske så bra.
For mange blei «Alas» frå 2024 inngangen til Lily Seabird. Eller rettare sagt: «Alas» og «Alas (Electric)». To plater som viste fram kvar si side av artisten. Den eine var akustisk, nær og ganske naken. Den andre skrudde opp straumen og viste at Seabird også trivst godt når gitarane får hovudrolla.
På mange måtar var «Trash Mountain» frå 2025 plata der dei ulike sidene av Lily Seabird verkeleg byrja å finne kvarandre. Ei plate eg personleg er veldig glad i. Ho kunne vere stillferdig og sår i det eine augneblinket, før gitarane tok over i det neste. Og nettopp dette har ho teke med seg vidare til «Lightspheres on Their Way». Skiva kom ut fysisk for ein månad sidan, og er nå endeleg tilgjengeleg digitalt. Albumet er kanskje den mest samla og beste utgjevinga hennar så langt, sjølv om ho heldigvis ikkje har blitt særleg meir ryddig av den grunn.
Opninga «The Pulley» kjem sigande inn på harmoniumet til Daniel Snyder. Gitaren til Seabird ligg forsiktig over, og det heile har noko varmt og litt urovekkjande over seg. Så kjem stemma.
Det er lett å tenkje på Adrianne Lenker når ein høyrer Seabird. Ikkje fordi dei lagar same musikk, men fordi begge har denne fine evna til å la gitarspel og vokal verke som éin ting. Melodiane får lov til å vere litt skeive, heldigvis. Songane treng ikkje gå akkurat dit ein forventar. Og tekstane får stå ganske nakne. Hos Seabird fungerar dette ypperleg. «The Pulley» handlar om skjønnhet, tru og tvil. Store spørsmål, men ho syng dei utan å stå med ein peikefinger i vêret.
«Bindlestiff» fungerar som ein mørk liten mellomstasjon før «Election Day», ein av platas beste og heftigaste låtar, og då kan ein nesten høyre den rare kusina sparke inn døra. Dette er ikkje lenger akustisk gitar, harmonium og stille funderingar. Her er det fullt trøkk. «Election Day» er ein deilig og tung rockelåt som har noko Jason Molina-aktig over seg, berre med gitarane litt lenger inne i metal-land. Teksten er heller ikkje særleg lystig. Eit samlivsbrot blir skildra som ein bilkrasj, med innvolar på graset og eit hjarte som ligg igjen i oska. Hashtag «tristsomfaen».
«Pennsy» går i motsett retning. Her er det meir luft, akustisk gitar og ei ganske ubehageleg forteljing om ein familie som ein gong var der, men som no nærmast har blitt viska ut.
«Portal to the Past» gjer så sitt for å minne oss på at Seabird ikkje har noko imot å ta litt plass. Sju minutt, tunge riff og cello som glir inn i lydbiletet. Litt psykedelia, litt Zeppelin. Og – mogleg det bare er meg, eg høyrer gitaren til Neil Young her. Gamle og fabelaktig sære gubben.
Og det er kanskje her ein ser kva som har skjedd sidan «Alas». Den akustiske og elektriske Seabird som blei presentert på dei to 2024-platene, har etter kvart byrja å smelte saman. Ho treng ikkje lenger velje mellom den nakne songen og den store rockelåten. Ho kan ha begge delar i same album – og til tider i same låt.
Tittelsporet er eit godt døme. Her startar songen i det vonde landskapet plata har bruka mykje tid på å byggje opp, men etter kvart kjem det noko anna inn. Håp kanskje. Eller ein vilje til å halde fram. Mot slutten går det over i noko nesten salmeaktig og låten blir til ein skikkeleg rockefinale.
Det fine med «Lightspheres on Their Way» er at Lily Seabird ikkje prøvar å rydde opp i alt. Ho skriv om sorg, tru, tap og tvil, men let ting vere litt rotete. Akkurat slik dei gjerne er. Det er også difor samanlikninga med Adrianne Lenker gjev meining. Begge har den sjeldne evna til å få ein liten song til å kjennast større enn arrangementet skulle tilseie. Men der Lenker ofte kan bli heilt innelukka i det intime, har Seabird meir trong til å sleppe ut litt bråk.
Så ja, den rare kusina er tilbake. Og ho har laga ei verkeleg god plate.
Foto: lilyseabird.com (promo)




