Popklikk: Ukens låt #118

I vår spalte «Ukens låt» velger Popklikk seg ut en perle fra de siste 70 år med pophistorie. Formålet er å velge ut sanger litt utenom allfarvei slik at våre mange lesere kanskje kan oppdage noen nye favoritter. Nederst i saken finner du en spillelista der låtene blir lagt inn etterhvert som de dukker opp her.

Ukens låt #118: Hal Ketchum – «Past the Point of Rescue» (1991)

Det er ikkje alltid den mest kjende versjonen av ein song som er den beste. «Past the Point of Rescue» med Hal Ketchum er eit godt døme på det.

Her i Noreg kjenner nok dei fleste melodien best som «Ei krasafaren steinbu» med Hellbillies. Og for all del, det er ein strålande versjon. Arne Moslåtten sin tekst er glimrande, og Hellbillies har gjort songen til sin eigen. Men eg held likevel ein knapp på Hal Ketchum. Sjølv om hans versjon for enkelte kanskje kan bli for mykje country. Dei om det!

Songen vart skriven av irske Mick Hanly, men det var Ketchum som fekk den store hiten med han i 1991. Han nådde andreplassen på den amerikanske countrylista, og vart ein av dei viktigaste songane i karrieren hans.

Det er særleg vokalen som gjer utslaget. Ketchum hadde ei heilt spesiell stemme, og her kjem ho verkeleg til sin rett. Litt ru i kantane, men samstundes fløyelsmjuk og behageleg. Arrangementet sit som eit skot, synest eg. Den akustiske gitaren, det fine samspelet mellom instrumenta og ikkje minst den drivande rytmen. Refrenget er i tillegg forbaska flott.

Teksten handlar om ein mann som ikkje klarer å leggje eit avslutta forhold bak seg. Han veit at det ikkje er mykje håp, men greier likevel ikkje å sleppe taket. Dette er vel noko fleire av oss kjenner oss att i, sjølv om vi sjølvsagt meiner det var den andre som hadde eller var problemet. 

«Past the Point of Rescue» fekk mykje å seie for karrieren til Ketchum. Saman med «Small Town Saturday Night» var dette songen som gjorde at mange fekk auga opp for han. Og sjølv om han seinare gav ut mykje bra, er det nok desse to songane han fyrst og fremst blir hugsa for.

For mange nordmenn er «Ei krasafaren steinbu» så innarbeidd at dei kanskje ikkje eingong kjenner til Ketchum sin versjon. Men eg synest originalinnspelinga til Ketchum har noko ekstra. Det handlar som sagt i hovudsak om stemma hans, men også om heilskapen. Det er rett og slett ei innspelingeg aldri blir lei av.

Hellbillies skal ha all ære for det dei gjorde med songen. Men for min del er det Hal Ketchum som trekkjer det lengste strået. Og det med god margin.

Avatar photo

Terje Sveinsson

Artikler: 10