Son Volt – ingen teikn til spenningsfall

Plateanmeldelse: Son Volt – «Sound Signal Serenades» (album, 2026)

Det kan framleis vera vrient å høyre på Son Volt utan å ha historia om Uncle Tupelo i bakhovudet. Bandet Jay Farrar starta saman med Jeff Tweedy og Mike Heidorn på slutten av 1980-talet, var med på å forme det som seinare skulle kallast alt-country, og gav ut fire album før samarbeidet mellom Farrar og Tweedy braut saman i 1994.

Tweedy tok Wilco ut på nye vegar ved å utforske pop, eksperimentell rock og stadig nye uttrykk, medan Farrar har halde fast ved den smalare og meir mørke sida av americanaen. Eg skal innrømme at eg oftast har hatt mest sansen for Farrar sitt uttrykk. Det er mindre prangande, men også meir sta og eigenarta.

På «Sound Signal Serenades» får vi mykje av det vi forventar frå Son Volt: Farrar si karakteristiske, litt slitne røyst, gitarar med akkurat passe mykje grus og låtar som heller går enn spring. Det høyrest enkelt ut, men det er ein kunst å få denne typen musikk til å halde interessa oppe. Og dette klarar Farrar og gjengen til gangs!

«Kaleidosphere (Devil His Due)» opnar sterkt og etablerer den mørke og jordnære tonen. Ein skjønnar det med det samme, Son Volt liknar på seg sjølv. Heldigvis. «Away From The Blues» er nok ei påminning om kor godt Farrar mestrar melankoli utan å bli sentimental. «Serenade Song» er blant dei sterkaste spora, med ein fengande melodi og eit driv som gjer han til ein naturleg singel.

På «Hurricane Eye» får gitarane meir å bite i, og bandet høyrest verkeleg ut som eit band. Her går låten nærmast over i blues, og denne låten kjem garantert til å funke knallbra live. «Don Quixote’s Dream» går i motsett retning og er meir lågmælt og ettertenksam.

Det store høgdepunktet er «Illinois Central», der Farrar vender tilbake til eit av dei gjennomgåande motiva i musikken sin: landskapet, reisene og det amerikanske livet sett frå bilvindauget. Gitarlyden pirrar dei fleste sansane mine og eg skulle ynskje låten kunne vare dobbelt så lenge.

Eit par av låtane kan kanskje bli litt anonyme, men mot slutten kjem ein låt som «New Born Soul», og brått gjev plata meining att. Med deilig piano i front avsluttar Farrar med ein sang som ikkje freistar å late som anna enn den er. Mannen som nærmar seg 60 år prøvar ikkje å redde verda med musikken sin, men det er framleis verdt å synge om forsøket.

Konsertar og festivalar med vekt på alt. country musikk har fått eit voldsomt oppsving blant den yngre garde dei siste åra. Dei tiltrekkjast av det ekte og organiske. Dette er svært gledeleg å observere for oss over middagshøgda. Så difor, gje barnet eller barnebarnet ditt den nye plata til Son Volt. Eller send dei ein link på ein straumetjeneste.

Foto: Out Of Time (promo)

Avatar photo
Terje Sveinsson
Artikler: 1